Google
Skriv ut print

Linn Kristin Fauskanger ny leiar i UKS

Linn Kristin Fauskanger (16) er valt til ny leiar i Ungdommens kommunestyre (UKS). Ho går no andreåret på Sotra vidaregåande skule. Joachim Indrevik (15) held fram som nestleiar. Han går på Fjell ungdomsskule.

Det var på møtet i går (4. oktober) at UKS avgjorde kven som skal ha dei ulike verva. Camilla Soto Peterson og Markus Haugen får ansvaret for informasjon.

Linn Kristin Fauskanger og Joachim Indrevik Linn Kristin Fauskanger og Joachim Indrevik
Linn Kristin Fauskanger og Joachim Indrevik

Kan dela ut inntil 40 tusen kroner

I 2011 har UKS 50 tusen kroner til disposisjon til gode ungdomsprosjekt. Så langt i år er det delt ut 10 tusen kroner, og dermed kan det løyvast inntil 40 tusen kroner til tiltak i haust. Fristen for å søkja om støtte i den siste søknadsrunden i år er 1. november. UKS vedtok på møtet i går at det skal gjevast direkte informasjon om desse midlane til dei tre ungdomsskulane og Sotra vidaregåande skule. I tillegg vert det arbeidd med å marknadsføra tilskotsordninga i lokalmedia og på plakatar.

UKS kan gje tilskot til lag, organisasjonar eller grupper som har ungdomen i Fjell som målgruppe for sine aktivitetar. Einskildpersonar kan også søkja dersom dei åleine er ansvarlege for tiltak som kjem ungdomen i Fjell til gode. Tiltaket skal mellom anna vera rusfritt og spesielt retta mot ungdom i aldersgruppa 13 til 19 år og vera ope og tilgjengeleg for all ungdom i Fjell og ikkje vera avgrensa til små og spesielle grupper.

Held fast på prioriterte arbeidsoppgåver

UKS har det siste året arbeidd med tiltaksplan for UKS. På møtet i går vart det konkludert med å vidareføra eksisterande overordna målsetjingar. Dermed skal UKS særleg arbeida med å betra kollektivtilbodet for ungdom, gjera kjent kva UKS arbeider med og å sikra eit variert og godt ungdomsmiljø i Fjell.

Det nye UKS samla for første gong i haust. Frå venstre: Solveig Syltøy Løland, Linn Kristin Fauskanger, Markus Haugen, Kristen Kvalheim, Gro-elise Fardal, Camilla Soto Peterson, Joachim Indrevik, Martin Marthinussen og Andreas Turøy.Det nye UKS samla for første gong i haust. Frå venstre: Solveig Syltøy Løland, Linn Kristin Fauskanger, Markus Haugen, Kristen Kvalheim, Gro-elise Fardal, Camilla Soto Peterson, Joachim Indrevik, Martin Marthinussen og Andreas Turøy.
Det nye UKS samla for første gong i haust. Frå venstre: Solveig Syltøy Løland, Linn Kristin Fauskanger, Markus Haugen, Kristen Kvalheim, Gro-Elise Fardal, Camilla Soto Peterson, Joachim Indrevik, Martin Marthinussen og Andreas Turøy.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
05.10.2011
Sist oppdatert:
05.10.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom