Lokalsamfunn med MOT i Fjell markerte seg sterkt på landslagssamlinga i Trondheim like før helga. I konkurransen om å verta det beste lokalsamfunnet med MOT, hamna Fjell blant dei fire toppnominerte. Fjell er med dette det beste lokalsamfunn med MOT på Sør- og Vestlandet. Denne gongen var det Giske kommune som gjekk av med sigeren på landsbasis.
MOT-generalen Ivar Einarsen
Ivar Einarsen er stolt over diplomet
- Dette er ei anerkjenning av den jobben vi gjer. Dette syner at samarbeidet vi har med skulane fungerer svært godt. Tilbakemeldingane frå foreldra, elevane og skulane er svært gode, seier MOT-koordinator og MOT-informatør Ivar Einarsen.
Han fortel at i Fjell har MOT om lag 160-170 klassebesøk kvart skuleår. Neste år er målet rekkje over alle klassane på ungdomskuletrinnet.
På samlinga i Trondheim var Fjell representert med Einarsen og Vigdis Taranger.
- Det var ei svært interessant samling. Ho var intensiv og vi lærte mykje nytt. Mange nye kontaktar vart etablert, seier Einarsen.
På diplomet som Ivar Einarsen stolt kan syna fram står det at Fjell kommune brukar "absoluttane og strebar for å oppnå alle 12. MOT-leiarane er lette å arbeida med og følgjer måla sine. Dei har stort eigarskap hjå toppleiinga og er ein kommune som brukar MOT i Fritid gjennom mellom seks "Aktive Medspelarar". Fjell kommune er svært god på å bruka den lokale mot.no-sida aktivt og legg ut lokale MOT-nyheiter jamt."
MOT-diplomet
Diplomet
Tekst og foto: Vigleik Brekke