Google

MOT gjev gode resultat

Ei fersk undersøking syner at elevar på MOT-skular trivst betre og røykjer og drikk mindre enn elevar på andre skular. Det er PROBRA Samfunnsanalyse som har gjennomført undersøkinga blant 450 elevar på 21 MOT- og kontrollskular i landet.

 MOT-logo

- Dette samsvarar med det vi observerer på dei to ungdomsskulane i Fjell. Det er vårt klare inntrykk at mot til å leva, mot til å bry seg og mot til å seia nei gjev gode resultat når det gjeld ungdomane sine haldningar til mobbing, røyk og rus. Vi er opptekne av at ungdomane skal ta eigne val, seier MOT-koordinator og MOT-informatør Ivar Einarsen.

Omfattande undervisningsopplegg

Saman med MOT-informatør Vigdis Taranger gjennomfører han eit omfattande undervisningsopplegg på Fjell ungdomsskule og Tranevågen ungdomsskule. Alle dei 34 klassane får fem besøk kvart år. I løpet av ungdomsskuletida vil elevane dermed ha fått rundt 40 timar med MOT-undervisning. Undervisningsopplegget varierer mellom foredrag, gruppearbeid, rollespel og leikar.

I Fjell vart MOT-arbeidet starta opp i 2004. Vigdis Taranger og Ivar Einarsen har begge 60 prosent stilling i MOT-arbeidet og har gjennom desse åra vorte godt kjent med elevane.

Ivar Einarsen
Ivar Einarsen

- Det er gjerne enklare for elevane å snakka med oss som kjem utanfrå enn med dei faste tilsette på skulane. I alle fall er tilbakemeldingane mange og gode, sier Ivar Einarsen.

Undersøkinga på landsbasis syner at ungdomar på MOT-skular har meir sjølvtillit, optimisme og mot enn på andre skular. Ungdomar på MOT-skular er flinkare til å seia nei og å stå imot gruppepress. Ved starten av åttande årstrinn var det 35 prosent færre ungdomar på MOT-skular som hadde vore synleg berusa enn på "ordinære" skular. Undersøkinga syner også at det er betre trivsel, mindre mobbing og røyking på MOT-skular enn på andre skular.

I Fjell har MOT også andre aktivitetar enn undervisning. Koordinatorane har etter søknad valt ut 18 elevar til "Ungdom med mot" som skal skapa aktivitetar i skulekvardagen. I tillegg vert det lagt opp til konsertar og samarbeid med lag og organisasjonar.

Her er sluttrapporten PROBA Samfunnsanalyse september 2011 (Evaluering av "MOT i ungdomsskulen").


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
27.10.2011
Sist oppdatert:
10.05.2012
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom