Komité for plan og utvikling (KPU) behandla 13 klagesaker på møtet i går 30. august.
Tre saker på Bjorøyna går til setjefylkesmannen
Det låg føre tre klagesaker knytt til bygging av naust med kai på Bjorøyna. Plan- og utbyggingssjefen hadde gjeve dispensasjon frå arealbruken i kommuneplanen i desse sakene, men vedtaka vart påklaga av Fylkesmannen. I går vedtok komitéen samrøystes å stå fast på vedtaka. Sakene går difor til avgjerd hjå setjefylkesmannen.
Tre synfaringssaker
Den eine synfaringssaka gjaldt klage på vedtak om retting/fjerning av oppstarta arbeid på bygg på Ekren. KPU gav i august 2009 dispensasjon på arealbruken i kommuneplanen og byggjeforbodet i strandsona. Fylkesmannen påklaga vedtaket, og søknaden om dispensasjon vart med dette avslått. Plan og utbyggingssjefen gav i mars 2011 pålegg om retting og tilbakeføring til opprinneleg terreng. Vedtaket vart påklaga, og i går vedtok KPU med sju (FrP, upolitisk, eítt medlem frå Høgre og KrF) mot fire røyster (Ap, Sp og eitt medlem frå Høgre) å ta klagen til følgje. Vedtaket vart grunngjeve med at tiltaket vert vurdert til å vera av mindre omfang og at kommunen difor ikkje forfølgjer det ulovlege byggjearbeidet. Det vart vedteke at saka går til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.
Den andre synfaringssaka gjaldt klage på kommunestyrevedtak om godkjenning av reguleringsplan for Gangstøgarden. Klagen gjeld trafikksikring av tilkomstveg til feltet. Komitéen støttar rådmannen som meiner det ikkje er grunn til å setja til sides dei vurderingane kommunestyret gjorde under behandlinga av planen. Klagen går difor til avgjerd hjå Fylkesmannen.
Den tredje saka der komitéen var på synfaring i går, var avslag på søknad om dispensasjon for tilbygg/ombygging og riving av hytte på Knappskog. Her også støttar komitéen rådmannen sin konklusjon om at det ikkje har kome nye opplysningar som tilseier at vedtaket må gjerast om. Også denne klagen går til avgjerd hjå Fylkesmannen.
Andre saker
Komité for plan og utvikling vedtok at framlegg til reguleringsplan for bustadfelt på Spjeld vert lagt ut til offentleg ettersyn. Planen omfattar maksimakt 18 bustader fordelt på 12 einingar i tre firemannsbustader og inntil seks einingar i ein- og tomannsbustader.
Fleirtalet i komitéen støttar dei andre komitéane i saka om politisk organisering. Det innebér at det framleis vert tre komitéar og politisk arbeidsutval. Formannskapet skal ha 11 faste medlemer med varamedlemer. Den politiske organiseringa skal evaluerast i løpet av neste kommunestyreperiode. Denne saka går til endeleg avgjerd i kommunestyret.
Tekst: Vigleik Brekke