Google
Skriv ut print

Markerer dei tragiske hendingane

Dei tragiske hendingane i Oslo og på Utøya 22. juli vert markert ved skulestart i alle barnehagane og skulane i Fjell. Barnehagesjefen har hatt drøfting med både dei kommunale og private barnehagane om korleis hendingane skal følgjast opp.

Ellen Margrethe Hansen og Margun LandroEllen Margrethe Hansen og Margun Landro
Margun Landro og Ellen Margrethe Hansen

- Vi har lett for å undervurdera kva dei yngste får med seg. Foreldra har nok prøvd å skjerma barna for dei sterkaste inntrykka. Sjølv om det ikkje er lagt opp til ei samkjørt markering i barnehagane, vil vi gjennom vanlege samvær med barna snakka om tema som barna er opptekne av. For dei eldste barna, fire- og femåringane, vert tema omkring den tragiske hendinga tekne opp i smågrupper, seier barnehagesjef Margun Landro

Alle skulane skal ha ei markering av det som skjedde i Oslo og på Utøya. På ungdomsskulane skjer dette den første skuledagen, medan barneskulane markerer dette fredag 19. august.

- Det er viktig at den første skuledagen vert ei god oppleving. Difor ventar vi med markeringa til fredag 19. august når det gjeld barnesteget. Vi må balansera mellom det faktum at denne hendinga har berørt mange, samstundes som det skal vera stas omkring skulestart, seier skulesjef Ellen Margrethe Hansen.

Både Landro og Hansen er trygg på at dei tilsette i barnehagane og skulane har god røynsle og kunnskap om korleis dei skal handtera vanskelege situasjonar som dette.

- Vi må vera tilgjengelege på det tidspunktet barn og unge har behov for å snakka om vanskelege tema som dette, seier dei to sjefane.

Brev til dei føresette

Både barnehagesjefen og skulesjefen sender brev til dei føresette med informasjon om korleis dei tragiske hendingane vert følgd opp. Det varierer i kor stor grad eit nasjonalt traume som dette rører ved oss. I tillegg til dei som vart direkte ramma, er mange indirekte berørt gjennom slekt og vener. I brevet til dei føresette vert det oppmoda om å ta kontakt med barnehagen og skulen om det som har skjedd gjeld deira barn/ungdom. Barnehagane og skulane vil handtera ein slik situasjon i forståing med dei føresette.

Kunnskapsdepartementet har også gjeve råd som kan vera til hjelp korleis skulane kan møta elevane ved skulestart og barnehagebarn og dei som nyttar SFO. På nettstaden http://helsenorge.no det mykje aktuelt stoff som mellom anna tek opp korleis ein kan snakka med barn og ungdom om det som har skjedd.

Her kan du lesa brevet som er sendt til dei føresette til barna i barnehagane og dei føresette til elevane i grunnskulen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
16.08.2011
Sist oppdatert:
18.08.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom