Google
Skriv ut print

Mennesket skaper byen

Vi kjenner godt uttrykket "Klede skaper folk". Etter å ha vore til stades på seminaret "Straume - Regionsentrum - Kommunesentrum - Kystby" i kultursalen i rådhuset 17. juni, sit vi gjerne igjen med uttrykket "Mennesket skaper byen".

Dagen før (16. juni) godkjente Fjell kommunestyre områdereguleringsplanen for Straume sentrum. Dette er den mest omfattande og kompliserte planen i Fjell nokosinne.

Eirik Glambek BøeEirik Glambek Bøe
Eirik Glambek Bøe

Musikar Eirik Glambek Bøe kallar seg arkitektspsykolog. Han reiser jorda rundt, og i 2010 hadde han konsertar i 70 ulike byar. På desse reisene får han tid til å verta kjent med byane og danna seg eit inntrykk av korleis miljøet påverkar mennesket.

- Anten er møteplassane i byen ein plass er kjenner meg heime i, eller så er plassen framandgjerande. Det er ikkje sikkert at folk tek i bruk dei møteplassane som vert etablerte, sa Glambek Bøe.

Han sa at mennesket er aktivt og sjenert av natur, og byrom må invitera til aktivitetar på ein eller annan måte. Ei gruppe som har vore flink til å bruke byromma er "skaterane".


Treng variasjon
- Ein fasade bør endra seg for kvar femte meter, sa arkitektpsykologen. Av økonomiske grunnar vert resultatet ofte ein monitær og lite variert arkitektur. Fleire arkitektar gjev gjerne eit meir spennande resultat, sa Glambek Bøe..

Avslutningsvis stilte han også spørsmålet om kvifor Fjell vil ha ein by som dette. Var den eigentlege grunnen å byggja ut senteret? Glambek Bøe viste til at tidlegare vart arealet ofte delt inn i område med separate funksjonar med næring, bustader osb. Han var usamd i ei slik oppdeling, og føreslår i staden ei blanding av funksjonane. Bygg med både handel, kontor og bustader vil skapa liv i byen ulike tider av døgeret.

Fjell kan læra av Bergen

Fagleiar i Fjell kommune, Hans Jacob Roald, har i boka "Byplanen" skrive om utviklinga av Bergen by. I sitt innlegg la han vekt på at planene som vert laga må følgjast slik at kommunen i ettertid ikkje må reparera infrastruktur som ikkje fungerar slik det er døme på i Bergen.

- Bergen er flink til å skapa gode byrom og møteplasser, og her kan Fjell lære mykje, sa Roald.

Mangfald

Det var ordførar i Fjell, Eli Årdal Berland, som ønskte forsamlinga velkomen.

- For å få realisert desse planane, er det nødvendig med god forankring og brei semje både med næringslivet og brukarane. Dei største utfordringane er korleis vi skal byggja godt og sikra eit reelt mangfald, sa Årdal Berland.

Sund-ordførar Ove Bernt Trellevik sa at mangfald og eit sterkt senter styrkar den enkelte kommune. Han understreka at eit sterkt senter ikkje står i strid med desentralisert handel og tenesteyting.

Konferansier Rita Westvik utfordra forsamlinga til å avklara kva namn byen skal ha og kva byen skal verta kjent og omtalt for. Og forsamlinga gav god respons. Her er nokre av forslaga: Fjellandsbyen, Havmåsen by, Partorini, Sartorini, Litleby, Straumsund, Teknokisten, Smartbyen, Straume by, Sotra, Straume og Straume kystby.

- Kven skal bu her og kven skal ein rekruttera, spurte Westvik. I ein enquete gjekk det fram at dei fleste ungdomane neppe såg det som aktuelt at dei budde i dette området om 10 år.

Hans Petter Duun frå Norconsult snakka om befolkningsutviklinga i regionen. Konsekvensen av dette er fortetta bygningsmasse og at det må skapast fleire arbeidsplassar i dette området.



Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
20.06.2011
Sist oppdatert:
21.06.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom