I samband med at kommuneproposisjonen vert presentert fredag 13. mai, kjem kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete til Fjell.
Statsråd Liv Signe Navarsete
Statsråd Liv Signe Navarsete
I tillegg til presentasjon av proposisjonen, vil statsråden få omvisning og informasjon om samhandlingsprosjekt som Fjell har utvikla i samarbeid med Helse Bergen og kommunane Askøy, Sund og Øygarden. Kommuneproposisjonen syner det økonomiske opplegget for kommunane i 2012 og er særleg interessant i år ettersom samhandlingsreforma særleg vert omtalt.
I tillegg til statsråden, vert Helse Bergen, nabokommunane og andre aktørar knytt til samhandlingsreforma til stades. Ordførar i Fjell, Eli Årdal Berland, er vertskap for besøket.
Fem milliardar til kommunane
Som følgje av at kommunane frå 2012 får eit medfinansieringsansvar for spesialisthelsetenesta, skal det overførast om lag fem milliardar kroner til kommunane frå dei regionale helseføretaka. Midlane kjem som frie inntekter gjennom rammetilskotet til kommunane. I proposisjonen, som vert presentert på fredag, vil fordelinga av dei økonomiske rammene og dei økonomiske verkemidla verta nærare presentert.
Saman med Helse Bergen og nabokommunane Askøy, Sund og Øygarden i region vest, har Fjell utvikla fleire samhandlingsprosjekt. Dette gjeld mellom anna intermediær avdeling på Straume som er eit pilotprosjekt til eit nytt lokalmedisinsk senter på Straume og ei palliativ avdeling (lindrande behandling) lokalisert på Kleppestø på Askøy. I januar var det oppstart av JordmorHeim-prosjektet i Fjell (Helse Bergen og Fjell kommune). Andre samarbeidsprosjekt med Helse Bergen er dialysesatellitten på Straume og Øyande distriktspsykiatriske senter (Øyane DPS) på Straume. I desse prosjekta er Fjell kommune huseigar, medan Helse Bergen står for drifta.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto : Scanpix/Statsministerens kontor