Google
Skriv ut print

Nest-Sotra 25. juni - åpningsseremonien

Reisebrev frå Tove Iren Vindenes:

 

Dagen starta med eit Head-Coach møte der vi fekk utdelt divisjoneringskampane våre. Vi møter Hong Kong og Sveits 26. juni og Kina 27. juni. Under divisjoneringskampane blir vi vurderte av ein jury som skal plassera oss i konkurransepuljar. Arenaen vi skal spele på er flott, og grasmatta er silkemjuk og bein.    

 

Dagen for spelarane har elles vore tilbrakt rundt bassenget, på stranda, sove lenge, slappa av eller vore på internett. 

Klokka fem drog vi med buss frå hotellet til Opningsarenaen. Der blei vi vist til venteområdet. Av dei 185 nasjonane som venta på å marsjera inn, var vi nummer 117. Det var ei heilt ubeskriveleg oppleving å marsjera inn framfor 70.000 på tribunane. Det var stolte trenarar som fekk gå saman med laget. Det er eit stort privilegium å få trena dette flotte laget. Då vi sette oss på tribunane, like ved tilskodargruppa og heile laget var samla, var det ein rørt trenar som tenkte " Nå er vi her. Nå er det verkeleg." 

 

Opningsseremonien var spektakulær og inneheldt song, dans, Stevie Wonder-konsert, tenor-song, fyrverkeri, hyllester og til slutt tenning av OL-elden. Ein flott finale på ein lang, men opplevingsrik dag.    

"Bestis" oppsummerte det slik " Det beste med Opningsseremonien var då vi gjekk inn, og då Stevie Wonder spilte".   

Følg også med på heimesida til Nest-Sotra United  


Publisert:
29.06.2011
Sist oppdatert:
30.06.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom