Google
Skriv ut print

Nest-Sotra 27. juni - god kampånd

Reisebrev frå Tove Iren Vindenes:

Det er tøft å vera landslagspelar når ein må stå opp kl 0515. Det var ein trøytt, men spent gjeng som på nytt drog til kamparenaen for vår tredje divisjoneringskamp. Denne var mot Kina, og igjen slo motstandaren oss på disiplin i laget. Når det kjem til lidenskap og fotballglede er vi som lag overlegne her nede.

 

Kampen mot Kina blei ein jamnspelt kamp. Laget var godt organisert på bana, og gav tilskodarane god underhaldning og spaning. Det enda til slutt 1 - 1, etter at Jon Georg på eiga hand spelte seg gjennom heile det kinesiske forsvaret.

 

Fire gule drosjar stod klare klokka seks og køyrde oss til tilskodarhotellet, der vi var inviterte på Fjell-fest av ordførar Eli Berland og Vidar Arnesen. Der var det duka for "pool-party", med kjempegod mat, musikk og talar. Alle spelarane blei tildelt ein gullmedalje frå kommunen. Både vertskap og spelarar heldt talar og song eller svingte seg til Vassenggutane. Det var ikkje berre leiar i Special Olympics Norge som synts det var ein kjempehyggeleg kveld, men eit samstemt lag.

Her finn du kampoppsett og resultat

 

Takk til alle som var med!

Følg også med på heimesida til Nest-Sotra United  


Publisert:
29.06.2011
Sist oppdatert:
30.06.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom