Google
Skriv ut print

Nest-Sotra 28. juni - konkurransekamp

Reisebrev frå Tove Iren Vindenes: 

Til trass for generalstreik i Hellas, var tilskodarplassen på plass om enn noko seint til kampen. Første dag med konkurranse og på motsatt banehalvdel stod Sveits. Sist vi møtte Sveits i divisjoneringskampane, slo dei oss 3-2, det var dermed ein revansjelysten gjeng som gjekk til kamp.

Kampen var utruleg spanande og det var fire nervøse trenarar som pusta letta ut då Nico sette det første målet på eit indirekte frispark. Deretter jobba laget seg meir og meir inn i kampen, og storspelte til tider. Fredrik la på til 2-0 etter å ha ikledd ein ny rolle på midtbana. Deretter følgde Bestis og Geirmund opp med kvar si perle. På tampen av kampen fekk Sveits ein redusering som gav sluttresultatet 4-1.

Etter kampen var heile laget på det nærliggjande handballanlegget, og heia på Ann Karin Uthaug frå Sotra som speler på handballandslaget i Special Olympics.

På kvelden fekk vi besøk av TV2-sporten på spelarhotellet. Dei blei også med oss på spelarmøte på stranda, der vi la ein plan for morgondagen, og oppsummert dagens kamp. Hallgeir hadde fødselsdag, noko som blei markert på spelarmøtet med kake og gåve fra laget.

Følg også med på heimesida til Nest-Sotra United  


Publisert:
30.06.2011
Sist oppdatert:
30.06.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom