Nest-Sotra United sin tur til Special Olympics i Aten vart krona med bronse. Fotballaget slo Kina 2-1 i bronsefinalen på laurdag.
Frå medaljeseremonien
Frå medaljeseremonien
Nest-Sotra United leia 2-0 til det var nokre få minutt igjen av kampen, og det vart svært nervepirrande for laget og supportargruppa då Kina reduserte like før kampslutt. Men Nest-Sotra klarte å ri stormen av, og sikra ein imponerande bronsemedalje i OL.
Medaljane rundt halsen
Medaljane rundt halsen
Special Olympics takkar
Leiar for Special Olympics Noreg, Geir Smeby, har sendt takkebrev til ordførar Eli Årdal Berland for den flotte festen måndag 27. juli. Han skriv at dette var ein unik kveld og at døra til Special Olympics alltid vil vera open for Fjell kommune.
Frå festen 27. juni
Frå festen 27. juni. Ordførar Eli Årdal Berland og leiar i komité for drift, Vidar Arnesen.
Her er reisebrev frå lagleiar Tove Iren Vindenes:
3. juli: Medaljeseremoni
I dag mottok spelarane bronsemedaljen. Fire trenarar, tolv medspelarar frå tilskodargruppa, familiemedlemer og følgjeperson følgde alle stolt med frå den store folkeskaren på Hellinikon stadion.
Fotballdelegasjonen har motteke gratulasjonar frå fjern og nær sidan det blei klart i går at bronsemedaljen var sikra.
Ettermiddag ble tilbrakt på eitt av fleire program i regi av Special Olympics, Healthy Athlete. Det er kort sagt ein helsesjekk, der alle spelarane som har behov for f. eks briller, høyreapparat eller innleggsålar får det.
2. juli: Bronsefinale
Vi møtte på nytt Kina til kamp, denne gangen i bronsefinalen. Kampen gjekk klokka ni, og dermed var forholda noko betre enn sist vi spelte, framleis varmt, men ennå litt svalt i skuggen. Lagdelane og taktikken var drilla på førehand, og oppskrifta var enkel; tetta igjen i forsvar og slå lange pasningar frem til en høg og rask spiss.
Klar til kamp
Klar til kamp
Spelarane på laget gav igjen "alt for Norge" og utførte arbeidsoppgåvene sine til punkt og prikke, og dermed kom aldri Kina inn i kampen, men blei springande mellom langpasningane. Geirmund Grøm Sæle spilte sin livs kamp, og kjempa på alle ballar som kom hans veg, på ein av mange flotte dødballar frå Kaptein Nicolai Fjeld, krangla han ballen i mål. Det var då ennå 25 nervepirrande minutt igjen av kampen.

Fem minutt for slutt i elegant stil dempa Camilla Jacobsen ein langpasning på brystet, og sette ballen kontant forbi keeper. Då var gleda stor, og kjenslene svinga. I det neste minuttet klarte Kina å redusera, og kampen nådde sitt absolutte spenningsnivå fram til domaren blåste. Da ramla våre spelarar kollektivt om på banen, og tilskodarbenken tok flatt av. Vi hadde tatt medalje i OL!
1. juli
Etter ein kviledag var det ein opplagt gjeng som drog til kamparenaen. Men det skulle bli ein strevsam dag for våre spelarar. Med 35 varmegrader og tre timar venting før kamp, var alle tappa for energi allereie før kampen tok til. Viljen til å slå Kina var absolutt til stades, men det ville seg ikkje i dag. Vi blei springande mellom pasningsspelet til Kina og låg under 2-0 til pause. Etter pause gikk vi ut med ein meir defensiv formasjon, og heldt dermed nullen i andre omgang. I dag gjorde vi igjen vårt beste, og tapte for eit betre lag.

Etter kampen fekk vi besøk av tilskodargruppa ved bassenget. Ikkje berre fekk tilskodargruppa bada og trena på fotballbanen til hotellet, men dei fekk spelt ein venskapskamp mot Sverige. Og denne gongen var det utøvarane sin tur til å heia på de suverene supportarane våre. Det blei ein "god match", som svenskane seier. Søta bror vann 1-0 etter mykje flott spel av de norske spelarane.