Google

Nødvendig med systematisk språk- og leseopplæring


Professor på Universitetet i Oslo, Jørgen Frost, meiner det er svært viktig å arbeida systematisk med barna sitt ordforråd og evna til å kunne leika med språket for leggja eit godt grunnlag for den seinare leseutviklinga.

Frost, som er ein av dei fremste forskarane i Norden på språk og lesing, hadde førelesing for 70 leselærarar, spesialpedagogar, skuleleiarar og barnehagemedarbeidarar på torsdag. Tema for dagen var "Språk og lesing i overgangen mellom barnehage og skule".

Jørgen Frost
Jørgen Frost

Jørgen Frost sa at forsking viser store skilnader i ordforråd hjå barn som har ulik bakgrunn. Difor er det viktig å arbeida systematisk og målretta med språket for at alle barn skal få ein så god skulestart som mogleg. Han la vekt på å vera der barnet er i si utvikling.

- Læraren bør ha nok kunnskap om normal språk- og leseutvikling til å vita korleis han skal hjelpa barnet vidare til neste utviklingstrinn, sa Frost.

Fjell prioriterer kompetanse i lesing

Logoped, SOL-koordinator og leiar for leseprosjektet, Anne Turid Våge, opplyser at alle lærarane i Fjell har fått kompetanseheving for å verta gode leselærarar både med tanke på teknisk lesing og korleis ein kan lesa for å læra.

- Alle skular har no leselærarar som har gjennomført vidareutdanning og/eller etterutdanning i form av kursing og nettverkssamlingar. Alle føresette har fått kurs og informasjon om SOL (systematisk observasjon av lesing) som er det verktøyet vi nyttar, seier Anne Turid Våge.

Jørgen Frost sa at barn som har eit godt språkleg grunnlag i form av ordforråd og språkleg medvit, vil lett kunne knekkja lesekoden. Dersom barn blir pressa inn i ei formell opplæring før dei er klare for det, vil dette lett kunne føra til motstand, gjetting og ikkje reell og djup læring.

- Senk skuldrene, stol på eiga fagleg innsikt og ikkje la deg styra av nasjonale prøvar, sa Frost med adresse til lærarane.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
11.05.2012
Sist oppdatert:
11.05.2012
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom