Tysdag 15. november skal komité for finans og forvaltning (KFF) ha ny drøfting av budsjettet for 2012 og økonomiplanen for 2012-2015.
Både komité for drift (KD) og KFF hadde budsjett og økonomiplan på sakskartet denne veka (8. november). På desse møta gav økonomisjef Svend-Fredrik Untiedt orientering om rådmannen sitt framlegg til budsjett og økonomiplan. På møta i KD og KFF vart det ikkje presentert framlegg til budsjettendringar.
På møtet i KFF på tysdag er det også ei sak om "Tilknytingsgebyr for vatn og avlaup".
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.