Medarbeidarar i seksjon for samferdsle og trafikksikring hos Eigedomssjefen er no i full opplæring for å kunna ta i bruk Fjell kommune sin nye fleirbruksmaskin (JCB 8250).
Stolte medarbeidarar i seksjon for samferdsle og trafikksikring hos Eigedomssjefen gler seg til å ta i bruk den nye fleirbruksmaskinen. Frå venstre Kjell Hjelm, Therese B. Skårnes, Leidvin Aakre og Tore Dale.
Stolte medarbeidarar i seksjon for samferdsle og trafikksikring hos Eigedomssjefen gler seg til å ta i bruk den nye fleirbruksmaskinen. Frå venstre Kjell Hjelm, Therese B. Skårnes, Leidvin Aakre og Tore Dale.
- Den gamle maskinen som til no har vorte brukt til kantklipping m.m. er så utsliten at det er nærare to år sidan vi har fått rydda med kantklippar langs vegane og spesielt i kryss der siktsonene er avgjerande for tryggleiken for både mjuke og harde trafikantar, seier eigedomssjef Atle Justad.
- Med den nye maskinen på plass vil vi i første omgang prioritera dei kommunale vegane som er skuleveg utan fortau eller gang- og sykkelveg. Sameleis vil Eigedomssjefen rydda der det er fortau og vegetasjonen har vakse ut i vegskulder/gangpassasje og pressar dei mjuke trafikantane ut i vegbana.
- Etter to harde vintersesongar der kommunen hadde brøyting/strøing i samband med naudtelefonen, ser vi at behovet for godt maskinmateriell er stort. I slike tilfelle er det ein stor føremon for kommunen å kunna nytta eige materiell til dømes til opplessing og bortkøyring av snømassar. Med kjøpet av ny fleirbruksmaskin vil kommunen i mykje større grad kunna oppretthalda trafikksikringa langs det kommunale vegnettet mellom anna med tanke på ein tryggast mogeleg skuleveg. Sameleis vil kvaliteten på vedlikehaldet kunna betrast, seier Atle Justad.