Arealdelen til kommuneplanen vert truleg lagt ut på ny offentleg høyring. Det er klart etter at komité for plan og utvikling (KPU) i går (05.10) gjekk gjennom dei innkomne merknadene etter at planen har lege ute til offentleg høyring fram til 29. september. Fylkesmannen har kome med motsegn til fleire punkt i planen. Dei fleste av motsegna er avklart etter mekling.
Komitéen vil endra plankartet, og administrasjonen skal fremja sak til neste om å leggja planen ut på ny offentleg høyring. Det er kommunestyret som tek endeleg stilling til spørsmålet. Det har kome inn vel 160 merknader til arealdelen til kommuneplanen etter første høyring. I tillegg er det kome inn merknader frå fleire offentlege høyringsinstansar.
Utbetring av fylkesveg 207 på Bjorøyna
KPU vedtok samrøystes at den framlagte reguleringsplanen for fylkesveg 207 på Bjorøyna skal leggjast ut til offentleg ettersyn. Hovudmålet med planen er å utbetra vegen. Utbetringa skal gje god breidde på vegen og betre forhold for fotgjengarane. Planstrekninga er på vel 3,2 kilometer. I hovudsak følgjer vegen traséen slik han er i dag, med unnatak av ei strekning på 500 meter forbi skulen. I dag er vegen smal, og det er fortau berre på nokre få strekningar. Planen er utarbeidd av Fjell kommune i samarbeid med Statens vegvesen.
På møtet gav Kristoffer Lie orientering om reguleringsplanen for klyngetun på Fjell gard. Komitéen tok i går ikkje stilling til om denne reguleringsplansaka skal setjast på sakskartet til KPU på nytt.
KPU tok stilling til sju klagesaker.