Etter arbeid over lengre tid, er ein ny brosjyre for Fjell kommune ferdig. Gudveig Lillebø har hatt arbeidet med brosjyren som si hovudoppgåve i 2011.
Brosjyren vert presentert elektronisk og er å finna på heimesida til Fjell kommune. Klikkar du på banneret like under "Aktuelt" kjem du rett til brosjyren.
Kulturprisen 2010 til Gudveig Lillebø
Gudveig Lillebø
- Det har vore eit kjekt og langdrygt arbeid, og det har vore ei utfordring å henta inn all oppdatert informasjon. Eg har lært mykje nytt om Fjell og friska opp gamal kunnskap, seier Gudveig Lillebø.
Brosjyren er ikkje bygd opp etter organisert oppbygging, men etter tenester. Det er dei mest etterspurte tenestene som har fått mest plass i brosjyren. Både NAV og nye samarbeidsrelasjonar, som t.d. samhandlingsreforma, er omtalt.