Komité for plan og utvikling (KPU) skal på sitt møte tysdag 24.08 gje innstilling til reguleringsplan for Ågotnes Næringspark. Planområdet er på rundt 300 dekar og omfattar nærings og industriareal i tillegg til hamneområde i sjø og på land. Denne planen vil delvis erstatta to reguleringsplanar frå 70- og 80-talet.
Det er kome inn fleire merknader frå naboar og offentlege instansar. Merknadene gjeld i hovudsak konsekvensar for friområde og kulturminne. Det er gjort nokre mindre justeringar før KPU på tysdag har saka oppe til slutthandsaming og gjev innstilling til kommunestyret.
Andre saker
Komitéen skal også slutthandsama framlegg til reguleringsplan for småbåtanlegg på Kolltveit. Hovudføremålet er å utvida eksisterande anlegg frå 22 til 46 båtplassar. Etter merknader frå Statens vegvesen og private partar legg rådmannen fram eit justert planforslag.
KPU skal også ta stilling til eit framlegg til reguleringsplan for Knappskog som gjeld oppføring av fem einebustader og ein firemannsbustad. Det er føreslått nokre mindre endringar i forslaget som no vert lagt fram.
Begge desse reguleringsplanane skal endeleg godkjennast av kommunestyret.
Til møtet ligg det føre 14 klage- og dispensasjonssaker. Innkalling med saksdokument er lagt ut på nettsida til Fjell kommune under Politikk - Komité for plan og utvikling.
Møtet tek til klokka 16.00 (Komitésalen).