Frå 5. desember flyttar Ågotnes helsestasjon inn i nye og moderne lokale i det nye Ågotnes helsehus i Skjergardsvegen 1376 like ved Rema 1000. Leiande helsesøster Astrid Paulsen ser fram til at dei tilsette og brukarane skal få nye lokale.
Helsestasjonen skal flytta inn i Ågotnes helsehus
Helsestasjonen skal flytta inn i Ågotnes helsehus
- Vi får tre hundre kvadratmeter til disposisjon i gode og tenlege lokale. Både brukarar og dei tilsette kan sjå fram til dette, seier Astrid Paulsen.
Dei 15 siste åra har helsestasjonen halde til i lokale like ved Ågotnes skule. På helsestasjonen er det helsesøstrer, jordmor, lege og sekretær.
På grunn av flyttinga, vert helsestasjonen på Ågotnes stengt i perioden onsdag 30 november til fredag 2. desember. I denne perioden kan folk ta kontakt med Straume helsestasjon på telefon 55 09 68 10.
Tekst og foto: Vigleik Brekke