Google
Skriv ut print

Nye vedtekter og retningslinjer for barnehagane

Komité for finans og forvaltning skal på møtet tysdag 10. mai ta stilling til framlegg til nye vedtekter for dei kommunale barnehagane og retningslinjer for barnehagesektoren.

Vedtektene for dei kommunale barnehagane vart endra i 2005, og det nye framlegget er tilpassa nye sentrale føresegner, praksis, vedtekter i private barnehagar og vedtektene for SFO. Kommunestyret avgjer saka.

I framlegget til lokale retningslinjer for barnehagesektoren vert kommunale og ikkje-kommunale barnehagar sikra likeverdig økonomisk behandling. Retningslinjene omhandlar også foreldrebetaling for dei som har barn med spesialpedagogisk hjelp i barnehagen og utviding/endring av barnehagetilbodet og samordna hovudopptak.

Kommunane fekk frå januar i år ansvaret for den offentlege finansieringa av barnehagesektoren. Pengane frå staten er ikkje lenger øyremerkt, men kjem som ein del av kommunane sine frie inntekter. Ei ny sentral forskrift gjer det nødvendig å utarbeida lokale retningslinjer som eit supplement med det sentrale regelverket. Barnehagelova er endra slik at kommunane no får ei sterkare styring med utbygging av nye barnehageplassar.

Rådmannen legg no fram forslaget til nye retningslinjer. Forslaget samsvarar med innstillinga frå barnehageutvalet. Det er kommunestyret som tek endeleg avgjerd.

Prosjektrekneskap for ubygging av Knappskog skule

Den endelege kostnaden for ombygging og utbygging av Knappskog skule vart om lag 78,5 millionar kroner inklusive finansieringskostnader. Dette er eín komma fem millionar kroner mindre enn den maksimale kostnadsramma.

Det ligg også føre prosjektrekneskap for opprusting av vegkryss for rv 561 Fjereidvegen. Her er det ein meirkostnad på om lag 800 tusen kroner. Dette avviket vert i hovudsak forklart med auka i meirverdiavgift frå åtte til 25 prosent.

Rådmannen er nøgd med måten prosjekta er gjennomførte på. Det gjeld både med omsyn til styring av kostnader, framdrift og kvalitet. Rådmannen innstiller på at prosjektrekneskapa vert godkjente. Kommunestyret avgjer saka.

Andre saker i komité for drift 10. mai

Prosjektrapport "Oljefri.no"
Innbyggjarane i Fjell kommune har hatt høve til å søkja om fem tusen kroner i returpant for å skifta ut gamle oppvarmingskjelder med miljøvennlege/reintbrennande omnar. 14 søknader vart godkjente i 2010. For 2011 er kvoten oppfylt.

Søknad om skjenkeløyve
Etter at Kokken Arthur har overteke drifta av Oksen selskapslokale på øya Oksen ved Solsvik, vert det søkt om nytt skjenkeløyve for øl, vin og brennevin. Rådmannen går inn for å gje skjenkeløyve.

Møtet til klokka 16.00 og startar med orienteringar. Her kan du lesa innkalling og saksdokument.


Publisert:
05.05.2011
Sist oppdatert:
06.05.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom