Komité for finans og forvaltning gjekk i går (10.05.) inn for å godkjenna framlegg til nye vedtekter for dei kommunale barnehagane og retningslinjer for barnehagesektoren.

Knappskog barnehage
Vedtektene for dei kommunale barnehagane vart endra i 2005, og det nye framlegget er tilpassa nye sentrale føresegner, praksis, vedtekter i private barnehagar og vedtektene for SFO.
I framlegget til lokale retningslinjer for barnehagesektoren vert kommunale og ikkje-kommunale barnehagar sikra likeverdig økonomisk behandling. Retningslinjene omhandlar også foreldrebetaling for dei som har barn med spesialpedagogisk hjelp i barnehagen og utviding/endring av barnehagetilbodet og samordna hovudopptak.
Kommunane fekk frå januar i år ansvaret for den offentlege finansieringa av barnehagesektoren. Pengane frå staten er ikkje lenger øyremerkt, men kjem som ein del av kommunane sine frie inntekter. Ei ny sentral forskrift gjer det nødvendig å utarbeida lokale retningslinjer som eit supplement med det sentrale regelverket. Barnehagelova er endra slik at kommunane no får ei sterkare styring med utbygging av nye barnehageplassar.
Begge desse sakene skal til endeleg avgjerd i kommunestyret.
Prosjektrekneskap for ubygging av Knappskog skule
Komité for finans og forvaltning går inn for å godkjenna den endelege kostnaden for ombygging og utbygging av Knappskog skule. Kostnaden vart om lag 78,5 millionar kroner inklusive finansieringskostnader. Dette er eín komma fem millionar kroner mindre enn den maksimale kostnadsramma.
Komitéen gjekk også inn for å godkjenna prosjektrekneskap for opprusting av vegkryss for rv 561 Fjereidvegen. Her er det ein meirkostnad på om lag 800 tusen kroner. Dette avviket vert i hovudsak forklart med auka i meirverdiavgift frå åtte til 25 prosent.
Kommunestyret tek endeleg avgjerd.
Andre saker i komité for finans og forvaltning 10. mai
Prosjektrapport "Oljefri.no" vart teken til orientering.
Innbyggjarane i Fjell kommune har hatt høve til å søkja om fem tusen kroner i returpant for å skifta ut gamle oppvarmingskjelder med miljøvennlege/reintbrennande omnar. 14 søknader vart godkjente i 2010. For 2011 er kvoten oppfylt.
Skjenkeløyve for Oksen selskapslokale
Etter at Kokken Arthur har overteke drifta av Oksen selskapslokale på øya Oksen ved Solsvik, er det søkt om nytt skjenkeløyve for øl, vin og brennevin. Komitéen går inn for å gje skjenkeløyve slik det er søkt om. Også denne saka skal til kommunestyret for endeleg avgjerd.
Tekst: Vigleik Brekke