24., 25. og 26. november held biblioteka i Fjell, Sund og Øygarden stengt i samband med overgang til nytt biblioteksystem.
Det nye datasystemet heiter Bibliofil og er Norges største biblioteksystem rekna i utlån og bestand hos kundane. Biblioteka i vest vil ha ein felles bibliotekbase til forskjell frå før då alle hadde kvar sin. Dette medfører blant anna at dei brukarane som nyttar fleire av biblioteka vil kunne få oversyn over alle sine lån ved ei innlogging. Samanslåing av basane vil føra til ei meir effektiv utnytting av samlingane og eit betre tilbod til bibliotekbrukarane i regionen.