I desse dagar etablerer fastlegane Carl Martin Welde og Bente Langedal seg i Straume helsesenter med eit nytt legesenter i gode oppussa lokale.
Medicus helsesenter har lokalisert seg sentralt i andre etasje i Straume helsesenter vis a vis spesialistsenteret. Til våren vert ein tredje fastlege ein del av dette fellesskapet. Det er no 15 fastlegar i Fjell.
Frå venstre: Carl Martin Welde, Bente Langedal og legesekretær Elisabeth Bjorøy Bøe
Frå venstre: Carl Martin Welde, Bente Langedal og legesekretær Elisabeth Bjorøy Bøe
Lege Bente Langedal har dei siste åra hatt eige legekontor i Liebygget på Straume. Carl Martin Welde har vore fastlege i Haugesund i fleire år, men er klar for å etablera seg i Fjell.
- Det er perfekt å ha ei sentral plassering her på Straume. Det er ei utfordring å starta på nytt som fastlege og etablera kundegrunnlag, men i Fjell er det underskot på legar, seier Welde.
Det nye senteret leiger lokale hjå Fjell kommune og har avtale med kommunen om å stilla med ressursar på helsestasjonen for barn og administrative oppgåver på Sotra legevakt. Fastlegane går også inn i vaktturnusen på legevakten.
Kan tilby fleire funksjonar
Bente Langedal ser fram til å etablera seg på Straume.
- Det er mindre sårbart å vera ein del av eit fellesskap der vi kan hjelpa kvarandre. Vi oppgraderer utstyret og kan tilby fleire funksjonar i eit slik senter enn det vi kan gjera kvar for oss, seier Langedal.
Medicus helsesenter har telefonnummer 56 33 18 00. Registrering for fastlege kan gjerast på heimesida til Helfo www.helfo.no eller telefon 810 59 500.
Tekst og foto: Vigleik Brekke