Dei fire samarbeidskommunane i region vest har eit nytt samhandlingsprosjekt klar til politisk behandling.
Komité for drift (KD) skal på tysdag 10. mai ta stilling til om Fjell kommune skal gå inn i samarbeid med kommunane og Helse Bergen om drift av fire palliative (lindrande behandling) lokalisert på Kleppestø sykehjem på Askøy. Planlagt oppstart for prosjektet er våren 2012. Dei kommunane som er med i prosjektet, er Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.
"Lindrende enhet" er eit prosjekt der kommunane samarbeider med Kreftforeningen, Helse Bergen, Kompetansesenter i lindrende behandling og Helse Vest. Tilbodet rettar seg mot pasientar med ulækjeleg sjukdom og kort forventa levetid. Dei fleste med behov for lindrande behandling har ein kreftdiagnose.
Drifta av ei eining med fire sengeplassar er rekna til å kosta om lag 6,3 millionar kroner pr. år. Med den modellen som er lagt til grunn, vil Fjell kommune sin del av kostnaden verta om lag 1,2 millionar kroner. Det er venta at statsbudsjettet for 2012 vil seia kor mykje ekstramidlar kvar kommune vil få til samhandlingsreforma.
Andre saker i komité for drift
- Drøftingssak: Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2011-
2018
Denne kommunedelplanen har ein stram tidsplan og skal etter planen
opp i komitéen til behandling i juni og i kommunestyret 16. juni.
Planen skal så ut til offentleg høyring til midten av september. Det
nye kommunestyret gjer endeleg vedtak.
- Høyringsuttale om raskare busetjing av flyktningar
- Val av kandidatar til styret i Foreininga Basecamp
ungdomsdiakonitiltak 2011
Møtet tek til klokka 16.00 og vert halde i møterom 107. Her kan du lesa innkalling og saksdokument.