Google
Skriv ut print

Nytt skulebibliotek på Ekerhovd skule

Onsdag 19. oktober opna det nye skulebiblioteket på Ekerhovd skule.

Opninga vart høgtideleg markert med høgtlesing, snorklypping og saft og kaker som FAU spanderte. Sidan skulestart i haust, har både elevar og personale venta på denne dagen, som også markerer starten på Leselyst-aksjonen.

Biblioteket vart høgteidleg opna med snorklippingBiblioteket vart høgteidleg opna med snorklipping
Biblioteket vart høgtideleg opna med snorklipping

Det gamle skulebiblioteket var trongt og lite funksjonelt. Like før sommarferien vart dette tømt og innreia til klasserom. Eit større rom vart dermed frigjort til nytt bibliotek og musikkrom.

Dugnadsprosjekt

- Sjølv om vaktmeistertenseta har hjelpt til, har arbeidet hovudsakleg vore eit dugnads-prosjekt der heile personalet har teke del. Men utan skulebibliotekar Anne Haugro sin store innsats, både med skrujern, malarkost og bokregistrering, både i fritida og i ”haustferien”, ville ikkje prosjektet blitt realisert, seier rektor Svein Ove Rørvik.

Skulebibliotekar ønskjer småsteget velkomenSkulebibliotekar ønskjer småsteget velkomen
Skulebibliotekar Anne Haugro ønskjer småsteget velkomen

Haugro gler seg over det nye biblioteket og har stor tru på at det vert brukt meir aktivt enn det gamle.

- Målet er at det skal fremja leselysta og lesedugleiken til elevane på Ekerhovd skule, seier Haugro.

Elevane leitar ivrig etter bøker for å låna med seg heimElevane leitar ivrig etter bøker for å låna med seg heim

Foto: Svein Ove Rørvik


Publisert:
24.10.2011
Sist oppdatert:
24.10.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom