Regionrådet Vest inviterer til Tinget i Vest måndag 13. februar. Eit gjennomgåande tema for tingsetet er regionalt samarbeid.
Fylkesrådmann Paul Nilsen
Fylkesrådmann Paul Nilsen
Fylkesrådmann Paul Nilsen skal innleia over temaet "Kvifor regionalt samarbeid?". Leiar i regionrådet Ove Bernt Trellevik (ordførar i Sund) skal ha innleiande tankar om samarbeidet i regionen. Rådmann i Sund Gerhard Inge Storebø og Fjell-rådmann Steinar Nesse skal snakka om samhandlingsreforma og andre samarbeidsprosjekt i regionen.
Tinget i Vest er samansett av formannskapa i dei fire kommunane i region vest. Tinget skal ta opp utviklingstema for regionen til drøfting. Dette er ein politisk verkstad og møteplass, og det vert ikkje føreteke avrøysting eller avgjerder i dette organet. Tinget skal ha to møte i året. Møta går på omgang i dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.
Møtet vert halde på Panorama Konferansehotell.
Tekst: Vigleik Brekke