I kveld klokka 18.00 er det offisiell opning av utbygginga av Brattholmen skule. Heile bygda og andre interesserte er invitert til opningsseremoni, elevinnslag, omvising og kafébesøk. Det er varaordførar Odd Bjarne Skogestad som står for den offisielle opninga.
I dag er det ofisiell opning på Brattholmen skule
- Dette er ein stor dag for Brattholmen, og vi gler oss over eit nytt og tenleg bygg. Det har vore ei utfordring å gjennomføra undervisning i byggjeperioden sidan hausten 2010, men takka vera ei positiv innstilling frå dei tilsette, har dette gått ufatteleg bra, seier rektor Arne Bjorøy.
Fleire bygg er opprusta og utvida
Det er Straume Mesterbygg AS som har utført arbeidet som ein totalentreprise. Det er sett av 36,5 millionar kroner til prosjektet. Etter at ein fjellknaus vart fjerna på "Småplassen" sommaren 2010, har det gått slag i slag. A og B-bygget var klar til bruk til skulestart i august 2011, medan resten av utbygginga var klar til bruk ved nyårsskiftet 2011/2012.
A-bygget er utvida frå fire til sju klassar og gjev i tillegg plass til SFO. Det ombygde B-bygget gjev no plass til personalavdelinga med garderobe, medan administrasjonsavdelinga i det eldste bygget, C-bygget, er rehabilitert. D-bygget er rehabilitert i andre etasje, medan klasserom er omgjort til grupperom i E-bygget. Infrastrukturen for kommunikasjon er oppgradert.
Arne Bjorøy opplyser at planlegginga av opninga er gjennomført i tett samarbeid med FAU.
- Trivselsleiarane skal som vertskap ta seg av gjestene. Alle klassane har utstilling av elevarbeid i klasseromma i kveld, seier Arne Bjorøy.
Tekst og foto: Vigleik Brekke