Google
Skriv ut print

Regionen prioriterer psykisk helse for barn og unge

- Det er flott å sjå mange leiarar og fagfolk samla med felles fokus på psykiske helse. Psykiske lidingar er eitt av viktigaste folkehelseproblema i verda. Oktoberseminaret på Solstrand innfridde mine forventningar, og folk var svært engasjerte, seier kommunepsykolog Trude Senneseth. Ho har vore Fjell kommune sin representant i programkomitéen.

Denne veka var rundt 140 deltakarar samla på Solstrand Hotel og Bad på Oktoberseminaret. Dette er eit samarbeid mellom Helse Bergen og kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. I år handla det om å førebyggja og behandla angst og depresjon hjå barn og unge.

Rundt 140 deltakarar var samla på Oktoberkonferansen i årRundt 140 deltakarar var samla på Oktoberkonferansen i år
Rundt 140 deltakarar var samla på Oktoberkonferansen i år

Har utvikla samarbeidet
Frå starten av var Oktoberseminaret eit seminar i regi av Fjell kommune. Seinare vart det gjennomført i samarbeid med Helse Bergen. Dei to siste åra er også nabokommunane Askøy, Sund og Øygarden med som arrangør. Dette er eitt av mange døme på samarbeid mellom dei fire kommunane i region vest og Helse Bergen.

- Sintef har i ein rapport konkludert med at det har vore lite heilskapleg tilbod og lite samhandling i kommunane og mellom første og andrelinjeteneste når det gjeld psykisk helse for barn og unge. Difor har vi priortert dette i eit mangeårig samarbeid med Helse Bergen, seier Senneseth.

Ifølgje kommunepsykologen var det stort engasjement på konferansen i år etter hovudføredraga til dr. psyhol/psykologspesialist Bente Storm Mowalt Haugland og professor/psykologspesialist Gerd Kvale. Dei synleggjorde at det er stor satsing på arbeidet med psykisk helse for barn og unge i regionen vår.


Bente Storm Mowalt HauglandBente Storm Mowalt Haugland
 Bente Storm Mowatt Haugland

- Dette er eit nybrotsarbeid der Øyane DPS og BUP Øyane i regionen vår tek imot pasientar frå heile opptaksområdet til Helse Bergen. Det er flott at vi kan ha slik satsing både for barn, unge og vaksne her, seier Trude Senneseth.

Tekst: Vigleik Brekke 

Her er presentasjonane til dei ulike foredraga på konferansen:

1. Angst - Bente Haugland

2. OCD - Gerd Kvale

3. De utrolige årene - Siri Gammelsæter

4-2a Opendialog 

4-2b Opne samtalar

4-2c Vidareutdanning og nettverksmøte

4-2d Aktuelle bøker og atiklar

4-3 Kjærlighet og grenser

4-5b KOR - Klient og resultatstyrt praksis

5. Fjell - Modellbarnehage

6. Sund - ICDP

7. Øygarden - Reflekterande team

8. Askøy - Livsløpspsykolog

9. PBU - Bjørn Brunborg

10. Betre saman - Tom Irgan

 


Publisert:
07.10.2011
Sist oppdatert:
10.10.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom