Kultur- og ressursutvalet i Hordaland går inn for at eit område på 20 mål i Geitvika i Fjell vert friluftsområde. Det er Direktoratet for naturforvaltning som gjer endeleg vedtak om sikring av friluftsområde. I tillegg til Geitvika er det føreslått at Ramsholmen i Os kommune, Fleskaryggen i Austevoll og Hille i Kvinnherad vert friluftsområde.
Bergen og Omland Friluftsråd har søkt om midlar til sikring av eit område på 20 mål. Friluftsrådet meiner at området høver for bading, leik, sykling, fiske, utferdsel med båt, turar ved sjøen og kano/kajakk for skular og barnehagar.
Her kan du lesa heile saka.