Kultursjefane i regionen vil gjerne har fleire lokale turlag. I neste veke inviterer IKKUS (InterKommunalt KUlturSamarbeid) til møte på Knappskog skule for å motivera til å etablera nye lokale turlag og å ta i bruk dei mange turløypene i regionen.
- Grupper er i gang med arbeidet i feltet, men vi treng fleire folk. Vi er avhengige av å ha ei sterk lokal mobilisering og ny motivasjon til å ta i bruk turløypene, seier kultursjef i Fjell, Lennart Fjell.
Det er mykje flott natur å boltra seg i i regionen
Det er mykje flott natur å boltra seg i i regionen
Sotra – Øygarden turlag, Nordre Fjell Fridrett, Nordsjøløypegruppa ”Ut mot havet” og andre entusiastar har i mange år stått på for å rusta opp stinettet i regionen vår, og samstundes inspirert til å ta dei i bruk. Ein søknad til Gjensidigestiftelsen resulterte i fleire hundre tusen kroner til skilting og gradering av Nordsjøløypa og andre stiar. 200 tusen kroner skal gå til ei padleløype frå sør i Sund til nord i Øygarden.
- Dette arbeidet med tilrettelegging, har også stor verdi for folkehelsa. Vi veit at fysisk aktivitet gjer godt for kropp og sjel. Å fremja folkehelsa er eit samfunnsoppdrag, og arbeidet lukkast best i ei felles satsing og godt samarbeid mellom offentleg og frivillig sektor, opplyser kultursjef i Sund, Laila Klementsaune.
Samarbeid med Bergen Turlag
I dette samarbeidet står Bergen Turlag som ein regional partnar.
- Turlaget kan tilby den kompetansen og nettverket vi treng dei neste åra for å nå måla våre om eit aktivt friluftsliv. Bergen Turlag er ein del av turistforeininga (DNT). Både Bergen Turlag og DNT har retta blikket mot kysten. Vi håper du vil vera med i denne nye satsinga i regionen, seier Lennart Fjell.
Difor inviterer IKKUS (InterKommunalt KUlturSamarbeid) alle friluftsinteresserte og turglade til møte på Knappskog skule torsdag 6.oktober kl 18.00 – 20.00.
Det er lista opp fire hovudmål for tiltaket:
- Etablera nye lokale turlag med eigne avdelingar for barn og ungdom
- Medlemsskap og tett samarbeid med Bergen Turlag (og DNT)
- Fokus på å etablera, ta vare på og opplysa om løypenettet i kommunen.
- Skapa entusiasme og motivera til bruk av løypene.