I går fekk formannskapet i Fjell informasjon om Nasjonal transportplan 2014-2023 (NTP) som vart presentert av etatane i sist veke.
Prosjektleiar i Statens vegvesen, Magnus Natås, orienterte om korleis Sotrasambandet er omtalt og prioritert i NTP. Det er lagt inn 200 millionar kroner til prosjektet i den første delen av transportplanen (2014-2017) under føresetnad av at rammene vert auka med 45 prosent i forhold til nivået i dag.

Prosjektleiar i Statens vegvesen, Magnus Natås
- Dette er eit klart signal om at Statens vegvesen ønskjer å få realisert Sotrasambandet så raskt som mogleg. Eg oppfattar forslaget til NTP som positivt for Sotrasambandet. Det er ein føresetnad at kommundelplanen er godkjent, og det er viktig å vera prioritert i NTP for å koma i posisjon til å diskutera finansiering, sa Natås til formannskapet i går.
Natås signaliserte at det kan ta rundt to år å få utarbeidd ein reguleringsplan for prosjektet. Med ferdig reguleringsplan og kostnadsoverslag, kan det sendast inn bompengesøknad. Om alt går etter planen, kan det fysiske arbeidet med Sotrasambandet starta opp i 2017. Målet er at både Fjell og Bergen kommunar godkjenner kommunedelplanen før Hordaland fylkesting 12. juni gjev uttale til NTP.
Reguleringsplan for Grønamyrsvegen på høyring

Konstruert oversiktsbilete med Solsiden og Panorama ferdig bygt ut.
Formannskapet vedtok samrøystes å leggja reguleringsplan for 150 bustadeiningar ved Grønamyrsvegen på Straume ut til offentleg ettersyn. Arealet på 11,5 dekar ligg mellom Grønamyrsvegen og Straumsfjellsvegen. Lieco-bygget skal inngå i eit nytt næringsbygg. I tillegg til bustadeiningar, omfattar planen 491 parkeringsplassar i anlegg under terreng. Bustadeiningane varierer i storleik frå 55 til 95 kvadratmeter. Talet på etasjar på bygningane varierer frå fem til åtte etasjar.
Klage på områdereguleringsplan for Straume sentrum
Fjell formannskap avviste samrøystes fire klager på kommunestyret sitt vedtak 16. juni i fjor på områdereguleringsplanen for Straume sentrum. Fleire klagarar meiner at det er lagt inn for høge bygg mot Grønamyrsvegen. I saksutgreiinga vert det vist til at ved sluttbehandlinga vart byggjehøgdene redusert og at det ikkje har kome fram nye opplysningar eller moment som gjev grunnlag for å omgjera saka. Klagene går no til Fylkesmannen for avgjerd.
Tekst og foto: Vigleik Brekke