Google
Skriv ut print

Ønskjer samarbeid om brannvern

Formannskapet skal på måndag (22.08.) drøfta saka om brannvernsamarbeid mellom Fjell, Sund og Bergen. Rådmannen har lagt fram saka utan innstilling, men har likevel skissert to alternative forslag.

Saka vert lagt fram etter at utgreiinga om brannvernsamarbeid har lege ute til offentleg høyring i 45 dagar i juni/juli. Det kom inn 12 høyringsfråsegner.

Ågotnes brannstasjonÅgotnes brannstasjon
Ågotnes brannstasjon

I det eine alternativet går han inn for konsulenten sin konklusjon om å etablera eit regionalt brannvern for dei tre kommunane basert på vertskommunemodellen. Dette forslaget inneber vidare at Fjell og Sund kommunar inngår forhandlingar om ein samarbeidsavtale som skal endeleg godkjennast av kommunestyret.

I det andre alternativet vert det også konkludert med at det er grunnlag for å utvikla eit større regionalt samarbeid om brann- og redningstenesta for fleire kommunar i regionen. I dette framlegget går det fram at kommunestyret ber styret for Sotra Brannvern IKS å utarbeida ein ny og utvida samarbeidsavtale som i tillegg til sløkkjeavtale mellom anna omhandlar overordna leiing ved store hendingar, fellesøvingar og gode kommunikasjonslinjer.

I begge alternativet er det lagt til grunn at det er samsvar mellom kommunestyrevedtaka i Sund og Fjell. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Planprogram for plan for Bildøyna

Det føreligg endeleg planprogram for kommunedelplan og områderegulering for Bildøyna 2011-2023. Planprogrammet vart først lagt ut til offentleg ettersyn i 2009, men etter vesentlege merknader frå Fylkesmannen, vart det lagt utarbeidd eit nytt planprogram som har lege ute til ettersyn i 2011. Det kom inn 16 merknader til planen, men ingen av merknader gjeld sjølve utforminga og innhaldet i planprogrammet. Rådmannen kan ikkje sjå at merknadene inneheldt tema som burde vore omtalt meir i planprogrammet og går inn for at det ver godkjent slik det ligg føre.

Føreslår å slå saman to komitéar

På bakgrunn av vedtak i formannskapet i juni, har rådmannen lagt fram ei evaluering av den politiske organiseringa og forslag til endringar. Konkret vart rådmannen bedt om å evaluera komitéar og formannskap.

Det er presentert fleire forslag til endringar. Mellom anna er det framlegg om å slå saman komité for drift og komité for finans og forvaltning til eín komité. Det er også forslag om at formannskapet skal ha 11 faste medlemer. I dag har formannskapet ni medlemer utvida med gruppeleiarar som i utgangspunktet ikkje sit i formannskapet. Ordninga i dag inneber også at grupper i kommunestyret som har fem eller fleire representantar i kommunestyret, kan stilla med to medlemer i formannskapet. Rådmannen ber politikarane å vurdera om det er ønskjeleg at komitéleiarane og varaordførar er medlem av formannskapet.

Formannskapet skal også gje innstilling til kommunedelplan for vassforsyning og avlaup 2011-2022. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
17.08.2011
Sist oppdatert:
18.08.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom