I samband med tragedien på Utøya og i Oslo, vert det ope hus på Røde Kors-huset på Straume sundag 24. juli frå klokka 14.00. Lokalet ligg like ved helsesenteret.
Fjell Røde Kors opplyser at folk kan koma til Røde Kors-huset for samtale og å gje uttrykk for medkjensle.