Google
Skriv ut print

Ope på festninga også i vinter

Dette året vert det ope på Fjell festning også om vinteren. Frå 15. januar vert det ope kvar sundag mellom klokka 11.00 og 16.00. Avdelingsleiar i Museum Vest, Fjell festning, Ole-Jacob Abraham, er glad for at tilbodet til publikum utvida.

- I 2011 fekk vi ei ekstraløyving frå Fjell kommune på 250 tusen kroner for å dekkja høge straumkostnader, og frå Kulturdepartementet er det løyvd 420 tusen kroner til drifta i 2012. Dette har frigjort midlar til publikumsretta tiltak, seier Abraham.

Ole-Jacob Abraham ved utstillinga av hovudanleggetOle-Jacob Abraham ved utstillinga av hovudanlegget
Ole-Jacob Abraham ved utstillinga av hovudanlegget

I fjor selde Fjell festning om lag 4 600 billettar, men langt fleire var innom kaféen. Dette er om lag same besøkstal som året før. Museum Vest har nyleg gjennomført nokre endringar for å tilpassa tilbodet til publikum. Tidlegare måtte dei besøkjande vera med ein guida tur på ein time dersom dei skulle få tilgang til festningsanlegget.

- No har vi stengt av kanonbrønnen. Dermed kan dei besøkjande på eiga hand gå ned til dei to utstillingsromma og bruka så mykje tid som dei sjølv ønskjer. Det er ikkje alle som har høve til å vera med på heile runden med ei timelang omvising i heile hovudanlegget, seier Ole-Jacob Abraham.

Det eine rommet med utstilling av sjølve festningsområdet og hovudanlegget er nyleg oppgradert. I 2012 skal også det andre rommet med ustilling av slagkryssaren Gneisenau og trippelkanonen opprustast.

Veteranbuss mellom Sartor og Fjell festning

I samarbeid med Sartor Storsenter og Rutebilhistorisk Foreining Hordaland har det gått veteranbuss mellom senteret og festninga laurdag og sundag i store delar av 2011. I opningstida har bussen gått frå senteret kvar time. Det vert arbeidd med planar om å utvida dette tilbodet.

- Vi ser for oss at veteranbussen kan kjøra i ein trasé med ulike stopp der passasjerane kan få med seg ulike kulturminne eller gå av for å spasera i turløype fram til Fjell festning, seier Ole-Jacob Abraham.

Hovudsesongen tek til i mai. Då har Fjell festning ope både laurdag og sundag i tillegg til bestilt avtalt omvising på museet utanom opningstid.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
06.01.2012
Sist oppdatert:
10.05.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom