Sundag 12. februar inviterer rektor Johnny Eide til open dag på Tranevågen ungdomsskule. Tranevågen ungdomsskule vart offisielt opna 28. oktober 2010.
Det vert open skule på Tranevågen komande sundag
Det er opne dører på Tranevågen skule komande sundag
- Framleis er det mange som ikkje har sett skulen. No er bygdefolket velkomen til å verta kjent med skulen, seier Johnny Eide.
Mellom klokka 13.00 og 17.00 er dørene opne for både fjellsokningane og andre interesserte. Det vert utstilling av elevarbeid og guiding gruppevis. Gjestene kan også sjå DVD-opptak av Ung 2010 som vart framført i Grieghallen. Det vert også råd til å ta seg ein kopp kaffi og eit kakestykke i kafeen.
Det vert utstilling av elevarbeid på sundag
Det vert utstilling av elevarbeid på sundag