I går (16.06.) var det høgtidleg opning av det første ferdigstilte byggjeprosjektet som er gjennomført av elevane på Fjell ungdomsskule. Det første prosjektet var ein terrasse.
Elevar, Agnar Våge, Stig Hølland og Ellen Margrethe Hansen
Elevar, Agnar Våge, Stig Hølland og Ellen Margrethe Hansen
Det var skulesjef Ellen Margrethe Hansen som stod for den offisielle opninga. Alle elevane på 9. trinn, som har vore med på arbeidet frå det første spadetaket hausten 2009, var invitert til opninga.
Rådgjevar Steinar Vibeto opplyser at ei av gruppene i arbeidslivsfaget serverte sjølvlaga "fingermat". Ansvarleg lærar for byggjeprosjektet, Agnar Våge, orienterte om korleis arbeidet hadde gått, medan rektor Stig Hølland snakka om kor viktig arbeidslivsfaget var for dei elevane på skulen som har valt dette faget.
God mat og drikke høyrer med
God mat og drikke høyrer med
Foto: Steinar Vibeto