Google

Opna nybygg med stil

Med elevane frå spesialavdelinga i spissen kunne Hjelteryggen skule slå på stortromma då nybygg og ombygging vart offisielt markert i dag. Elevane imponerte med song, musikk og dans i gymnastikksalen før varaordførar Odd Bjarne Skogestad stod for den offisielle opninga.

Ingvild Paulsen (7. kl.) klipte snora
Ingvild Paulsen (7. kl.) klipte snora

- I dag har de grunn til å festa. De har fått flotte lokale, og dette framstår som ein moderne skule for nåtida og framtida. Ta vare på skulen og bruk han godt. Takk for vel utført arbeid! sa Skogestad før Ingvild Paulsen (7. kl.) klipte den lange raude snora for å markera opninga.

Nybygg og ombygging til 23 mill.

Nybygget har gjeve ny administrasjonsavdeling til barneskulen med arbeidsrom, kontor, møterom, personalrom og garderobar. Prosjektet har omfatta eit nytt tilbygg med parkeringsplass og ombygging av om lag 350 kvadratmeter i den eldre delen av skulen. Sluttsummen for prosjektet vart på vel 23 millionar kroner. Hovudentreprenør har vore Hordaland Bygg og Eiendom AS.

Danseoppvisning av 1. klasse
Danseoppvisning av 1. klasse

Det er 186 elevar og om lag 50 tilsette på Hjelteryggen skule. Skulen har ei eiga spesialavdeling med 16 elevar. Det er digitale tavler i alle klasseromma, og dei tilsette gjev uttrykk for at dette er ein flott og moderne arbeidsplass og god lærearena for elevane.

- Fantastisk elevflokk

Rektor Karin Haugen gjev skryt til elevane, og tidlegare på dagen fekk elevane pizza.

- Dei fortener dette fordi Hjelteryggen har ein fantastisk elevflokk. Eg vil også takka arkitekt Jostein Tveit for den gode ideen om å byggja administrasjonsavdeling over parkeringsplassen. Vi har hatt ein god byggjeperiode utan konfliktar, sa Karin Haugen.

Rektor Karin Haugen og varaordførar Odd Bjarne Skogestad
Varaordførar Odd Bjarne Skogestad overrekte bilete frå Fjell kommune til rektor Karin Haugen

Skulesjef Ellen Hansen gratulerte skulen med utbygginga og gav inspektør Pål Stian Pedersen eit gåvekort som skal overrekkjast elevrådet. Gåvekortet skal brukast til innkjøp av eit tre som er tenkt planta på høveleg plass på skuleområdet.

Eigedomssjef Atle Justad takka både byggjeleiar Egil Lønningen i Erstad & Lekven, arkitekt Jostein Tveit, hovudentreprenør Hordaland Bygg og Eigedom AS og underleverandørar for eit svært godt samarbeid og godt utført arbeid. Bygget har kosta vel 23 millionar kroner inklusive innbu og utstyr. Sluttsummen vart litt over budsjettert investeringskostnad.

- Den viktigaste grunnen til dette er at vi måtte djupt ned for å finna fast grunn under administrasjonsbygget og parkeringsplassen, sa Atle Justad.

Nybygget på Hjelteryggen skule


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland og Vigleik Brekke


Publisert:
22.02.2012
Sist oppdatert:
23.02.2012
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom