Komande onsdag er det offisiell opning av nybygget på Hjelteryggen skule.
Det er varaordførar Odd Bjarne Skogestad som står for den offisielle opninga. Det vert fellessamling i gymnastikksalen med elevinnslag og offisiell opning. Gjestene vil også få omvisning.
Nybygget på Hjelteryggen skule
Nybygget på Hjelteryggen skule
Nybygget har gjeve ny administrasjonsavdeling til barneskulen med arbeidsrom, kontor, møterom, personalrom og garderobar. Prosjektet har omfatta eit nytt tilbygg med parkeringsplass og ombygging av om lag 350 kvadratmeter i den eldre delen av skulen. Sluttsummen for prosjektet vart på vel 20 millionar kroner. Hovudentreprenør har vore Hordaland Bygg og Eiendom AS.
Det er 186 elevar og 50 tilsette på Hjelteryggen skule.