
Etter 3 dagars workshop er det utdanna mange nye gruppeleiarar i Dinosaurskulen i Fjell. Dinosaurskulen er eit av opplegga knytt til "De utrolige årene", og er retta mot barn i alderen 3-6 år. I Fjell kommune blir tilbodet gitt til førskulebarn i form av 2 samlingar kvar veke i løpet av eit barnehageår.
Barna lærer om m.a. reglar, kjensler, sinnemeistring, å vera ein god ven og å løyse ulike problem. Det er Universitet i Tromsø (UiT) som står for implementering av og opplæring i programmet.
På biletet ser vi personale frå Gardstunet, Løveparken, Knappskog, Marihøna og Ulven barnehagar. Opplæringsansvarleg er Oddbjørn Løndal frå UiT.
For meir informasjon om programma, sjå www.deutroligearene.no og www.incredibleyears.com