Google
Skriv ut print

Opplæring for minoritetsspråklege elevar

I slutten av sist veke var rundt 60 skuleleiarar samla i kultursalen i rådhuset der temaet var opplæring for minoritetsspråklege elevar. Førelesarar var utdanningsdirektør i Hordaland, Kjellbjørg Lunde, og rektor på Tøyen skole i Oslo, Grethe Heen.

Kjellbjørg LundeKjellbjørg Lunde
Kjellbjørg Lunde

- Tilbakemeldingane frå deltakarane er at dette var eit viktig og nyttig kurs. Vi fekk god innsikt i korleis §2.8 i opplæringslova skal tolkast og omsetjast i praksis, seier Anne Elisabeth Svensson hjå Skulesjefen.

Kurset var gjennomført i regi av MigNett, og denne gongen var det skuleleiarar frå Os, Fjell, Sund og Askøy som var til stades. Tøyen skule i Oslo har svært mange elevar med utanlandsk bakgrunn, og rektor Grethe Heen gav innføring i korleis opplæringstilbodet til minoritetsspråklege elevar vert organisert.


Publisert:
06.02.2012
Sist oppdatert:
06.02.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom