Google
Skriv ut print

Opprydningsarbeidet er i gang

Arbeidet med å reinsa Fjellvassdraget etter oljeforureininga vert trappa opp.

Det var like før påske at Fjell kommune fekk melding om oljeutslepp i vassdraget. Utsleppet stammar frå den nedlagte verkstaden til Toyota Sotra AS.

Sotra brannvern har lagt ut oljelenser i EikhammarsvatnetSotra brannvern har lagt ut oljelenser i Eikhammarsvatnet
Sotra brannvern har lagt ut oljelenser i Eikhammarsvatnet

- Onsdag 20. april la Sotra brannvern ut oljelense for å fanga opp oljefilmen som la seg på Eikhammarsvatnet som ligg like sør for samfunnshuset på Fjell. Toyota Sotra AS har påtatt seg ansvaret for å rydda opp og fjernar no vegetasjon (gras og siv) langs vassdraget som er tilgrisa av olje. I går tok ein pumpebil opp fem kubikk med blanding av vatn og olje, seier fagleiar for landbruk og miljø i Fjell kommune.

Viktig vassdrag

Dette er eit av dei viktigaste vassdraga i Fjell med både laks og sjøaure. Det er også andefugl i dette området.

- Det er heldigvis ikkje registrert død fisk eller fugl så langt. Vi følgjer opp med jamleg kontroll av opprydningsarbeidet. Det er fint om folk melder frå om eventuell tilgrising lengre nede i vassdraget, seier Espen Elstad.

Fjell kommune har meldt oljeforureininga til politiet.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto : Espen Elstad


Publisert:
03.05.2011
Sist oppdatert:
06.05.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom