I dag er over 100 personar på plass i Fjell rådhus på seminaret "Korleis møte barn som gjer oss bekymra?" Det er konsultasjonsteamet vald/overgrepssaker som har invitert til seminaret.
Asta Helland og Mariann Kjelby
Asta Helland og Mariann Kjelby
Dette er eit årleg kurs som gjev oppdatering av ny forsking og repetisjon av korleis vi kan snakka med barn og følgja opp barn der det er mistanke om vald/seksuelle overgrep.
- Eg er glad for at det er så stor interesse for dette temaet. Det er flott at så mange, særleg frå skule og barnehage, har prioritert å vera med på dette kurset. Det er desse som er i kontakt med barna til dagleg, seier koordinator for kunsultasjonsteamet, Mariann Kjelby.
Tema på kurset er "Avdekkande samtalar med barnet" og "Kva skjer vidare med barnet?". det vert også ein presentasjon av konsultasjonsteamet og kva hjelp teamet kan gje. Førelesarar er kommunepsykolog Anja Høye Rogde, Asta Helland frå politiet, Siv Anne Waage frå rettleiarteamet og Mariann Kjelby frå barnevernet.
Asta Helland og Mariann Kjelby
Asta Helland og Mariann Kjelby
Asta Helland informerte om korleis avhøyr av barn vert gjennomført og gav råd om korleis dei som arbeider med barn skal samtala om vald/seksuelle overgrep.