Google
Skriv ut print

Øyane DPS klar for bruk

Klokka 09.00 i dag (17.06.) overleverte eigedomssjef Atle Justad nøklane til det nye Øyane distriktspsykiatriske senter (Øyane DPS) til klinikkdirektør Raymond Eeg Follesø. Dermed har byggherren Fjell kommune formelt overlevert bygget til leigetakar Helse Bergen.

Frå venstre: eigedomssjef Atle Justad, klinikkdirektør Raymond Eeg Follesø, brukarkoordinator Camilla Tjugum Søraa og /avdelingssjef/arealkoordinator Gro AarliFrå venstre: eigedomssjef Atle Justad, klinikkdirektør Raymond Eeg Follesø, brukarkoordinator Camilla Tjugum Søraa og /avdelingssjef/arealkoordinator Gro Aarli
Frå venstre: Eigedomssjef Atle Justad, klinikkdirektør Raymond Eeg Follesø, brukarkoordinator Camilla Tjugum Søraa og avdelingssjef/arealkoordinator Gro Aarli

Allereie måndag 20. juni kjem dei første brukarane. Dette er om lag 14 dagar tidlegare enn opphavleg planlagt.

- Dette er svært kjærkome, og det er ikkje problem å fylla opp bygget. Det er svært viktig at vi får samlokalisert både behandling og sengepostar. Førsteinntrykket av bygget er svært positivt, seier Raymond Eeg Follesø.

I føremiddag hadde prosjektleiar Eirik Milde ein gjennomgang av bygget med leiinga i Øyane DPS. Øyane DPS er eit tilbod til vaksne menneske over 18 år med psykiske lidingar og dekkjer kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Tilbodet omfattar poliklinisk individual- og gruppebehandling, ambulant team og 20 sengeplassar for kort- og langtidsbehandling. Også psykiatrisk team i Fjell kommune vert lokalisert i bygget.

Bygget vert formelt opna i august.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
17.06.2011
Sist oppdatert:
17.06.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom