Google

På skulebenken før skulestart

I går fekk 250 skuletilsette i Fjell godt fagleg påfyll like før skulestart. Professor på Høgskolen i Hedmark, Thomas Nordahl, er ein stor kapasitet på tema knytt til læringsmiljø, og på seminara i går snakka han om læringsmiljø og vurdering undervegs i læringsprosessen.

Tomas Nordahl
Thomas Nordahl

Heile staben på dei fire skulane på Litlesotra (Brattholmen, Foldnes, Hjelteryggen og Liljevatnet) hadde "Dei vaksne si rolle i utvikling av eit godt læringsmiljø" som tema. Nordahl baserer sin bodskap på forsking på relasjonsbygging, og han understreka at møtet mellom lærar og elev er avgjerande for læring.

Nordahl er ein av initiativtakarane til utvikling av den pedagogiske arbeidsmodellen LP-modellen (Læringsmiljø og pedagogisk analyse). Nordahl formidlar mellom anna forskingsresultata til skuleforskaren John Hattie.

"Vurdering for læring"

Etter lunsj hadde Nordahl foredrag både for skulane på Litlesotra og dei andre skulane som er med på prosjektet "Vurdering for Læring". Det er skulane Brattholmen, Foldnes, Tranevågen og Knappskog som er med på dette prosjektet som er i regi av Utdanningsdirektoratet.

250 skulefolk var samla i kultursalen i rådhuset i går
250 skulefolk var samla i kultursalen i rådhuset i går

Vurdering for læring er all vurdering som vert gjeve undervegs i opplæringa og som hjelper til å fremja læring. Prosjektleiar Ragnhild Magerøy (undervisningsinspektør på Knappskog skule) seier at Nordahl gav eit overordna perspektiv i temaet og trekte inn forskingsresultat som viser kva som fungerer. Formålet med undervegsvurdering er å fremja læring, utvikla kompetanse og gje grunnlag for tilpassa opplæring.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
16.08.2012
Sist oppdatert:
16.08.2012
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom