Google
Skriv ut print

Plan for Fjell festning ut på høyring

Formannskapet vedtok i går (11. april) samrøystes å leggja framlegget til plangrogram for områderegulering av Fjell festning ut til offentleg høyring i seks veker. I debatten vart det gjeve signal om at kommunen tidleg i prosessen må etablera ein god dialog med grunneigarane.

Utsikt frå Fjell festningUtsikt frå Fjell festning
Utsikt frå Fjell festning

Målet for festningsområdet er å sikra ei planmessig og langsiktig styrt utvikling. Det må sikrast ein god balanse mellom ulike interesser. Planprogrammet skal sikra Fjell festning som eit militært kulturminne for ettertida.

Andre forhold som skal avklarast i planprogrammet er:
- Avgrensa eit heilskapleg område for Fjell festning
- Regulera tilkomst frå Fjell gard, med parkering og infrastruktur
- Inkludera Gjerde kulturminnegard som ein del av festningsområdet
- Vurdera status for russarleiren
- Sikra utsyn få festningsområdet
- Sikra at området omkring festninga kan nyttast av ulike
  interessegrupper

Når planprogrammet er vedteke, startar arbeidet med sjølve områdereguleringsplanen.

Fråsegn til transportplan

Det låg også føre framlegg til planprogram for Regional transportplan Hordaland 2013-2024. I utgreiinga skriv rådmannen at han ikkje ser noko kontroversielt i framlegget. Formannskapet vedtok å slutta seg til framlegget til planprogram for fylket sin transportplan.

I dette framlegget til planprogram er heile transportsystemet i fylket teke med. Planen inkluderer dermed også tema utanfor fylkeskommunen sitt direkte ansvarsområde. Sjølve planen skal vera ein regional langsiktig strategiplan for transportsektoren i Hordaland. Også einskildpersonar kan gje uttale til framlegget. Fristen for å gje uttale er 02.05.11.

Orienteringar

På formannskapsmøtet i går vart det gjeve fleire orienteringar:
- Rekneskap for 2010 (sjå eiga sak)
- Status for arbeidet med fleirbrukshall
- Arbeidet med kommunedelplan for vatn og avlaup


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
12.04.2011
Sist oppdatert:
09.05.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom