Formannskapet vedtok i går (20.06.) å senda framlegg til kommunedelplan for vassforsyning og avlaup/vassmiljø ut til offentleg ettersyn med høyringsfrist 11. august.
I forslaget til tiltaksdel går det fram at det er sett opp prosjekt til 416 millionar kroner til vassforsyning og 484 millionar kroner til avlaup og vassmiljø. For å sikra nok drikkevatn er det føreslått å auka kapasiteten i nytt vassreinseanlegg i Bildøybakken og å ta i bruk Kørelen som vasskjelde. Det er også forslag om nye avlaupsanlegg på Knarrevik, Våge og Ågotnes.
Indre delar av Kørelen sett frå Trengereid
Indre delar av Kørelen sett frå Trengereid
Dagleg leiar i FjellVar, Bjarne Ulvestad, orienterte om framlegget til kommunedelplan. Han sa at til nå har det årlege investeringsnivået vore om lag 25 millionar kroner. Frå no av er det lagt opp til ei investeringsramme på rundt 100 millionar kroner i året.
Kortsiktige tiltak
Det vart også godkjent at det som strakstiltak vert starta opp tiltak for å auka avlaupskapasiteten i straumeområdet. Sjølv om det no vert lagt fram kommunedelplan for vassforsyning og avlaup, har styret i FjellVar konkludert med at det er rett å setja i verk tiltak straks for å auka kapasiteten på avlaup i dette området. Selskapet ønskjer også laga forprosjekt for nytt vassbehandlingsanlegg ved Bildøyvatnet. Formannskapet støttar forslaga til strakstiltak og at det vert sett i gang eit forprosjekt av tiltak for å auka avlaupskapasiteten i straumeområdet og vassbehandlingsanlegg ved Bildøyvatnet.
Kommunedelplan på Eide
Formannskapet vedtok å leggja framlegg til planprogram for kommunedelplan med konsekvensutgreiing for Eide ut til offentleg ettersyn. Våren 2010 presenterte Marin Eide AS og Vestavind Kraft AS planar om ein energipark med hamn kombinert med eit allsidig næringsområde på Eide. I planarbeidet skal ein drøfta omfang og visa aktuelle hovudløysingar for eit utvida nærings- og industriområde med vindmøllepark på Eide.
Vurderer endring i politisk organisering
Formannskapet ber om å få lagt fram ei sak der komitéar og formannskap vert evaluert. Det vert også bede om forslag til eventuelle endringar. Saka kan verta lagt fram for sitjande kommunestyre første september, men også for det nye konstituerande kommunestyret.
Tekst: Vigleik Brekke