Google
Skriv ut print

Planlegg utdjuping av Vatlestraumen

Kystverket planlegg utskyting av massar i Vatlestraumen der M/S "Rocknes" havarerte i januar 2004. Søknaden om løyve til tiltaket kom til Fjell kommune i juni.

VatlestraumenVatlestraumen

Kystverket opplyser på heimesida si at utbetringa skal auka tryggleiken for skipsfarten i Vatlestraumen. Topografien og straumforholda i området er utfordrande, og navigatørar må gjera fleire store kursendringar innanfor eit kort tidsrom i det tronge farvatnet. Grunnflaket skal sprengjast ned frå ni til 14 meter, og rundt 65 tusen kubikkmeter fast masse skal fjernast over eit undersjøisk areal på 12 tusen kvadratmeter.

Varsling og informasjon

Kystverket har etablert varslingstiltak for sjøgåande trafikk. Det vert varsla via "Etterretning for sjøfarande" (Efs) og Fedje trafikksentral. Bjorøytunnelen vert av tryggleiksmessige årsaker stengt for trafikk ein periode midt på dagen mellom klokka 10.00 og 14.00. Kystverket har utarbeidd ein informasjonsplan som skal sikra at det kjem ut informasjon til innbyggjarane på Bjorøyna og Tyssøyna, kommunane Fjell, Sund og Bergen, skipstrafikk og fritidsbåtar. Det vert mellom anna utarbeidd ein informasjonsbrosjyre som mellom anna skal sendast ut til alle som bur i nærområdet.

Etter planen vert arbeidet starta opp hausten 2011. Søknaden om løyve vert behandla politisk og vil truleg koma opp i komité for plan og utvikling i november. Fagleiar hjå Plan- og utbyggingssjefen, Bjørn Erik Kristiansen, opplyser at dette er ei sak som krev lang behandlingstid og som skal avgjerast politisk.

- Det er lite sannsynleg at søknaden vert behandla i det første møtet i komité for plan og utvikling 30. august. Neste møte i komitéen er i november, seier Kristiansen.

heimesida til Kystverket kan du lesa meir om prosjektet.


Publisert:
05.07.2011
Sist oppdatert:
04.07.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom