Google
Skriv ut print

Presenterte 2012-budsjett i balanse

Rådmannen presenterte i går eit budsjett for 2012 i balanse.

Driftsbudsjettet balanserer på knapt 1,3 milliardar kroner. For å få det i balanse er mellom anna nedskjæringar i 2011 vidareført og talet på stillingar redusert (verknad om lag 33 årsverk). Inntektssida er styrka med auka gebyrinntekter. Det er ikkje lagt inn ekstraordinært utbytte frå BKK, men ein auke i det ordinære utbyttet frå selskapet.

Investeringsramma neste år er 97 millionar kroner. I løpet av fireårsperioden er det føreslått gradvis redusert investeringsnivå. Det er ikkje sett av midlar til kulturhus, men det er sett av totalt 60 millionar kroner over to år til nytt lokalmedisinsk senter på Straume. Resten av kostnaden med dette prosjektet, er tenkt finansiert via Husbanken.

Økonomisjef Svend-Fredrik UntiedtØkonomisjef Svend-Fredrik Untiedt
Økonomisjef Svend-Fredrik Untiedt

Det var rådmann Steinar Nesse og økonomisjef Svend-Fredrik Untiedt som orienterte kommunestyret om budsjettet på kommunestyremøtet i går kveld. Budsjettet i Fjell er stramt og er prega både av den globale økonomiske situasjonen og framlegget til statsbudsjett. Det er eit mål å sikra samsvar mellom inntekter og utgifter.


Publisert:
28.10.2011
Sist oppdatert:
28.10.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom