Google
Skriv ut print

Presenterte trafikksikringsarbeidet i Fjell

Saman med Lindås og Voss presenterte Fjell kommune på tysdag (22.november) sitt arbeid med trafikksikring på ein konferanse i Bergen i regi av Hordaland fylkeskommune. Fjell kommune er ein av dei første kommunane i fylket som arbeidde ut ein trafikksikringsplan for heile kommunen. Den første planen gjaldt for perioden 1994-1997.

Det var eigedomssjef Atle Justad og samfunnsplanleggjar Marit Sigurdson som representerte Fjell kommune på konferansen.

Frå presentasjonen til Fjell på trafikksikringskonferansenFrå presentasjonen til Fjell på trafikksikringskonferansen
Frå presentasjonen til Fjell på trafikksikringskonferansen

Ein viktig suksessfaktorar for dette arbeidet i Fjell er vedtak om årleg å setja av tre millionar kroner trafikksikring.

- For Fjell har det vore viktig å ha god politisk forankring i arbeidet med trafikksikring. Ved faste årlege avsetjingar har vi lagt til rette for målretta og systematisk innsats på trafikksikringsfeltet. Vi har også lagt vekt på god samordning mellom kommune, fylkeskommune og Statens vegvesen, seier Marit Sigurdson.

På møtet i komité for drift (KD) 8. november vart planprogrammet for kommunedelplan for trafikksikring 2012-2015/2020 vedteken. KD vert styringsgruppe for planen, medan ein saksordførar sikrar ei tett oppfølging av arbeidet i samarbeid med ei administrativ arbeidsgruppe. Kirsten Syljeset (H) er valt som saksordførar for denne planen.

- Vi trur det er svært nyttig at det kommunale foreldrerådsutvalet (KFU) er med i den administrative arbeidsgruppa, seier Marit Sigurdson.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
24.11.2011
Sist oppdatert:
24.11.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom