Google
Skriv ut print

Profilerer namnet Sotra Kystby

Liegruppen og Sartor Holding presenterte i går innspel til korleis Straume sentrum kan utviklast frå kjøpesentrum til bysentrum. Ordførar Eli Årdal Berland, rådmannen og gruppeleiarane i kommunestyret fekk presentert forslaget til namn på byen; Sotra Kystby.

I juni fjor vedtok Fjell kommunestyre områdereguleringsplan for Straume sentrum. Dette er den største og mest kompliserte plan som er fremja i Fjell nokonsinne. Visjonane og innspela om marknadsføring om byen byggjer på kommunedelplanen for Straume og områdereguleringsplanen, og representantane for Liegruppen og Sartor Holding ønskjer politiske signal tilbake på innspela. Kystbyen skal både utvikla eit fleirfunksjonelt byområde med urbane kvalitetar og ta vare på lokal tradisjon og forankring.

Slik kan eit informasjonsmagasin om Sotra Kystby sjå utSlik kan eit informasjonsmagasin om Sotra Kystby sjå ut
Slik kan eit informasjonsmagasin om Sotra Kystby sjå ut

Sotra Kystby skal omfatta området frå Straume via Straumssundet til midtre og nordre del av Bildøyna. Visjonen er at dette skal vera mellom dei mest attraktive regionsentra i Norden bygd på trivsel, aktivitet, estetikk og bærekraftige løysingar.

Gruppeleiarane gav positive tilbakemeldingar på presentasjonen, og det vart lagt til grunn at Sotra Kystby kan vera ein arbeidstittel inntil vidare.

Aktuelle marknadsføringstiltak er mellom anna eit magasin om Sotra Kystby, eiga nettside, visuell profil/logo, samordning av medieomtale, vidareføring av seminrar og undersøkingar.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
17.01.2012
Sist oppdatert:
17.01.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom