I går hadde Fjell kommune besøk av ein delegasjon på 15 rådmenn og KS-representantar i Vestfold. Tema for besøket var samhandling i helsesektoren.
Gjestene var samla i gode lokale i Øyane DPS
Gjestene var samla i gode lokale i Øyane DPS
Rådmann Steinar Nesse, spesialrådgjevar Svein Fjelland og helsesjef Terje Handal informerte om dei ulike samhandlingsprosjekta mellom kommunane i region vest og Helse Bergen. Det var omvisning på Øyane distriktspsykiatriske senter (Øyane DPS), Straume terapisenter og intermediær avdeling.
Administrerande direktør i Helse Bergen, Stener Kvinnsland, var også med på besøket og snakka om samarbeidet mellom føretaket og kommunane i region vest. Han gav ros til den store viljen det er i regionen til å realisera ulike samhandlingsprosjekt. Han minna om at samhandlingsreforma ikkje berre handla om kommunehelsetenesta, men også spesialisthelsetenesta.
- Pasientane sitt helsetenestebehov må dekkast i deira nærmiljø. Det er her kommunane kjem inn. Reforma handlar ikkje om å flytta ut spesialisthelsetenesta, men pasientane må raskare tilbake til kommunehelsetenesta, sa Kvinnsland.
Leiar av ergo/-fysioterapitenesta, Liv Møen, orienterte om Straume terapisenter
Leiar av ergo/-fysioterapitenesta, Liv Møen, orienterte om Straume terapisenter
Rådmennene må involvera seg
Rådmann Steinar Nesse understreka ein ikkje vil lukkast med samhandling utan å verta godt kjent med kvarandre. Til sine kollegaer i Vestfold sa han at rådmennene må involvera seg i dette arbeidet.
- Det må ikkje opprettast samhandlingsforum «på sida av» eksisterande organisasjon, sa Nesse og Kvinnsland.
Gjestene gav uttrykk for at dette var eit svært nyttig besøk og at informasjonen som vart gjeve vil vera viktig i deira arbeid med samhandlingsreforma. Mange var imponert over kvaliteten på bygga og at dei er samla i eitt sentralt område. Gjestene sette også stor pris på det fine véret og den gode maten.
Tekst og foto: Vigleik Brekke